vinje naturlegvis logo

Vinjelosen sitt hjørne – mars/april

Over 200 000 hus står tomme og til nedfalls her i landet.
Dette kan, og bør me gjera noko med!

Vinjelos Silje Hagen

Vinje kommune er èin av pilotane i Ljos i gamle hus – eit verdiskapingsprosjekt, der ein ynskjer å ta vare på dei ressursane som finns i gamle bygg, framfor å rive og bygge nytt.

Det er mange grunnar til at ein bør ta vare på dei eldre bygga rundt forbi:
  • Det er med på å fremje bulyst, då me vil få eit auka og variert bu-tilbod.
  • Gjenbruk av dei gamle bygga vil vera med å bidra til at kommunen når nasjonale og regionale klimamål.
  • Historie knytt til husa blir ført vidare og det blir skapt nye historiar.
  • Gamle hus har ofte gode materielle og håndverksmessige kvalitetar.
  • Lokal byggeskikk og kompetanse knytt til handverkstradisjonar, blir tatt vare på og ført vidare. 

Det å ta vare på denne kulturarven, vil styrke stadidentiteten, og vera med på å auke attraktiviteten av kommunen vår!

Prosjektet er nasjonalt, og i regi av Fortidsminneforeininga. Det omhandlar ikkje berre hus, men også naust, driftsbygningar, uthus og andre bygg, helst frå før 1960, men ikkje utelukkande.
Hensikta med prosjektet er rett og slett å verne bygg gjennom bruk. Då snakkar me både om ny bruk og ombruk.  

Bodskapet får vera: sit du med eit gamalt hus du ikkje heilt veit kva du skal gjera med? Ta gjerne kontakt med meg for ein uforpliktande prat om kva moglegheiter som ligg der.

Sjå program her

mountain illustration