vinje naturlegvis logo

Livet i Vinje

Drøymer du om å byggje, jobbe eller etablere i Vinje? Vinje legg til rette for tilflytting og verdiskaping.

mountain logo

Bu godt og rimeleg i Vinje

Vil du bu på eit gardsbruk med god plass rundt deg, i ein sentral leilegheit, på hytta eller kanskje i eit bustadfelt med kort avstand til topp moderne skular, turstiar, skiløyper og idrettsanlegg? I Vinje kan du bu som du vil – felles for buformane er eit fornuftig prisnivå, låge kommunale avgifter og inga eigedomsskatt.

Visste du at kommunestyret i haust vedtok eit raust bustadtilskot på inntil kr 400.000 for deg som ynskjer å byggje eller kjøpe bustad i Vinje? Tilskotet er behovsprøvd og meint å treffe dei som manglar eigenkapital for å skaffe seg eigen bustad. Ta kontakt for mer informasjon

Elles kan du ta ein titt på bustader til sals og dei flotte bustadtomtene me har tilrettelagt med vatn, straum, fiber og avlaup. 

Kunne du tenkje deg å gjere i stand eit gammalt bygg? Då anbefaler me at du tek ein titt på prosjektet Ljos i gamle hus!

Jobbe i Vinje

Arbeid er ein viktig del av identiteten vår i Vinje, og arbeidsløysa har over tid vore nær null. Det blir skapt eit betydeleg antal arbeidsplassar i privat sektor kvart år, og mange av desse er direkte eller indirekte knytt til turisme og hytteutbygging. Me har vekst i statlege arbeidsplassar, ein stor arbeidsgjevar i Rehabiliteringssenteret AiR og nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst. Med andre ord, vil du arbeide, så får du jobb!

Sjå ledige stillingar på NAV ArbeidsplassenRehabiliteringssenteret AiR, heimesida til kommunen og på Finn.

Send oss eventuelt ein open søknad, så skal me sjå om me kan vi hjelpe deg å finne jobb!

Liv i Vinje
Heile året

Det skjer noko i heile Vinje, heile året – og alle er velkomne anten du er på besøk eller er busett i Vinje. Her finn du eit variert utval arrangement og lenkar til meir informasjon, billettar, m.m.

Skape i Vinje

Ja – velkomen er du som vil få til noko! I Vinje møter du ein prosjektglad kommune og eit fellesskap av innovativ vilje og gjennomføringskraft i folket. Hjå oss rår den omvendte janteloven: Me heier, stør opp om og bidreg om det trengs. Denne kulturen har i generasjonar vore med på å løfte fram suksesshistoriar om ein lang rekke enkeltindivid, særleg innan kunst og kultur. Me har plass til fleire! 

 

Lat oss hjelpe deg å få bedrifta di i gang i Vinje! Terskelen for å ta kontakt med oss på Næringskontoret er låg. Me pratar med alle som vil prate med oss – om store eller små spørsmål. Me vil gjerne hjelpe deg å stake ut kursen med blant anna gode rådgjevingstenester, spørsmål om straumstøtte og gunstige oppstartstilskot.

 

I ei tid med høge straumprisar har Vinje kommune vedteke ei kommunal straumstøtteordning for verksemder. Me er ein av berre sju kommunar i Noreg som har ei slik ordning. Me ynskjer at næringslivet skal halde fram med å skape verdiar for lokalsamfunnet og derfor støttar me opp når dei nå treng det! 

Å vekse opp i Vinje

I 2020 kåra Unicef Vinje til ein av landets tre beste kommunar å vekse opp i. Me er pionerar innan gratis skulemat, og har gjennom dei siste 15 åra har hatt landets lågaste drop out-tal i vidaregåande skule. Meir enn 98% av ungdommane våre gjennomfører utdanning og kjem seg i arbeid.

Barn, unge og kommande foreldre skal kjenne seg trygge og ivaretatt i Vinje. Sjølv om det er nokre mil til sjukehus frå Vinje tilbyr me ei jordmorteneste som sikrar deg god oppfylging i svangerskap og barselstid, og fylgjeteneste ved fødsel. Me jobbar målretta mot mobbing og utanforskap og vart i 2008 heidra av Amnesty International for integreringsarbeidet me gjer. Me er einaste kommune i Europa som har fått denne prisen.

Lokalmiljøet i Vinje er prega av varierte fritidsaktivitetar og fellesskap. Alle dei fire største grendene våre har skule og barnehage, og god plass for aktivitet i vakker og utfordrande natur. Du vil og møte eit breitt aktivitetstilbod og rikeleg med idrettshallar, kunstgrasbanar og svømmebasseng. Og forresten, visste du at unge i Vinje kan kome seg trygt heim med Vinje Taxi, uansett kvar dei bur – for berre 50 kroner?

Ljos i gamle hus i Vinje: Kunne du tenkje deg å gjere i stand eit gammalt bygg?

Me er ivrige etter å hjelpe deg vidare med rådgjeving, tilskotsordningar og lån for å realisere bustaddraumen i gamle bygg.
Viss du spesifikt er ute etter småbruk/gardsbruk, ta ein kikk på moglegheitane i Vest-Telemark og Vinje.

Vinje kommune tek klimaansvaret på alvor, og det å ta vare på gamle hus og bygg er god sirkulærøkonomi i praksis. Ljos i gamle hus er eit pilotprosjekt av Fortidsminneforeininga, der målsetjinga er at tomme og forlatte hus i distrikts-Norge blir satt i stand og fylt med folk og liv! Alle type bygg inngår i satsinga, og bygningsvern og ombruk som står sentralt i prosjektet.

Ta gjerne kontakt med Silje for meir informasjon og hjelp.

Nyheiter: Vinjelosen sitt hjørne

Her kan du fylgje med på kva som jobbas med og kva for planar me har framover i Vinje. Eg vil oppdatere hjørnet mitt kvar månad med siste nytt. 

sea

Prøvebu-småbruk!

August og september 2023: Vinje kommune ynskjer å legge til rette for ulike bu-moglegheiter. Èin av desse moglegheitene vil vera å prøvebu-småbruk!

frame

Me tek

klimaansvaret

på alvor

Vinje arbeider aktivt med klimatilpassing for å skape ein robust og trygg kommune å busetja seg i, samt sikre viktig natur som kan dempe effektane av klimaendringane.

Me har ei kunnskapsbasert tilnærming til forvalting av naturen og gjev lokalpolitikarane i kommunen god innsikt. I nasjonalparkkommunen vår blir verdfull natur beskytta mot øydelegging, og faktisk er så mykje som 845,3 km² verna areal i Vinje – det tilsvarar nesten det dobbelte av Oslo kommune sin totale storleik.

Saman med våre nabokommunar arbeider me også med ein ambisiøs klimaplan i Vest-Telemark. Me skal medverke til å kutte 60% av klimagassutslippa i Vestfold og Telemark fylke innan 2030 – det er meir ambisiøst enn Noregs offisielle målsetting. På vegen dit Miljøfyrtårn-sertifiserer me heile drifta til kommunen og fører kommunalt klimareknskap. Me samarbeider og med det lokale næringslivet om Miljøfyrtårn-sertifisering av deira drift.

Opplev Vinje heile året

Hald deg oppdatert på kva som skjer, når det skjer og kva for moglegheiter livet i Vinje byr på.

3 boys playing a violin

Kalender: Kva skjer i Vinje?

Her finn du ein oppdatert oversikt over kva som skjer i Vinje kvar veke. Kalenderen samlar informasjon om arrangement som konsertar, filmvisingar og teaterforestillingar.

teacher

Lag og organisasjonar

Me har ei lang rekke med lag og organisasjonar i Vinje. Grendelag, historielag, motorklubbar, idretts- og friluftslag, næringslag og pensjonistlag for å nemne nokre. Du finn ei oversikt her.

gathering of people beside the river

Fellesmiddagar med Liv i Vinje

Liv i Vinje er eit bygdemobiliseringsprosjekt som driv ei rekke aktivitetar med mål om å auke trivsel og livskvalitet for dei som bur i Vinje. Det blir mellom anna stelt i stand fellesmiddag kvar måndag, der alle er hjarteleg velkomne.

skating

Vest-Telemark: Ein levande region

Vinje er ein del av ein spennande og levande region, der me samarbeider godt på tvers av kommunegrensene. Følg med for oppdatert kalender om kva som skjer i Vest-Telemark - kanskje finn du eit arrangement som er vel verd ein liten køyretur.

skating

Fritidsaktivitetar: Vi Fritid Vinje

Me kan tilby eit stort spekter av ulike fritidsaktivitetar for born og vaksne. Frå Haukelirennet til aerobic, langrenn, fotball, UKM og turlag, for å nemne noko. Klikk her for å komme til Vi Fritid Vinje, der du finn ei stor oversikt over fritidstilbodet i Vinje.

sky

Tenester på nett: Vinjenett

På Vinjenett kan du mellom anna bestille årskort til symjehallar, skuterløyve, tilgang på styrkerom og friskliv, samt heimtransport for ein femtilapp. Du kan og søke om innbyggjartilskot etter høge inntekter til kommunen som fylgje av høge straumprisar.

Vinje er ein fjellkommune sentralt i sør-aust Noreg


Vinje ligg midt i det søraustlege smørauget: God vegforbinding austover og vestover via ein stadig utbetra Europaveg 134 - kun 3 timar frå Oslo, Kristiansand og Stavanger. Vinje grensar til kommunane Nore og Uvdal i nord, Tinn og Seljord i aust, Tokke og Bykle i sør og Suldal og Ullensvang i vest.

Vinje sett frå Instagram

0

senter i kommunen: Åmot, Haukeli, Rauland og Øyfjell. I tillegg til mange levande grender!

0

meter over havet finn du vår høgaste topp Nupsegga. Det er ein av mange flotte fjell i vår store kommune.

0 km²

utgjer Vinje kommune sin totale storleik. Det vil seie at arealet er større enn gamle Vestfold fylke.

0

stolte vinbyggjer fører tradisjonen for skaparkraft og arbeidsvilje vidare.

Drøymer du om å bu der du trivast best?

Trekk du ut av byen på fredagar og sett kursen mot fjellheim, puddersnø, adrenalin, ro, skiturar, toppturar og nye opplevingar? Sit du i kø i timesvis? Året rundt? Kvifor ikkje spenne på deg skia midt i veka, når sola skin – og leve og bu der du trivst best? Se ein smakebit frå Rauland her:

Lurar du på noko? Spør Silje vår eigen Vinjelos

Silje er ein imøtekommande, blid og triveleg vinbygg med god lokalkunnskap og eit godt oversyn på det meste som skjer i Vinje. Silje jobbar til dagleg med å tilretteleggje for at du som vurderar å flytte hit skal ha all informasjonen du treng. Ikkje nøl med å kontakte Silje viss du lurar på noko!

Ofte stilte spørsmål og svar

Følg med på ledige stillingar på Arbeidsplassen, kommunens heimeside og Attføringssenteret. Send eventuelt ein open søknad til per epost, så vil me kontakte deg dersom me finn noko som passar deg.

Ja, det stemmer. Du kan prøvebu i Øyfjell, følg denne lenka for meir informasjon.

Her finn du bustadar til sals i Vinje. Send oss eventuelt ein melding via  kontaktskjemaet, og fortel oss kva du ser etter i bustadsjakta, så vil me kontakte deg dersom me finn noko som passar deg.

Ta kontakt med næringssjefen, Knut Martin, for store og små spørsmål!

Visste du at ... ?

10 gode grunnar til at du vil trivast i Vinje.

01

Vinje er ein ressurssterk kraftkommune utan eigedomsskatt og med låge kommunale avgifter.

02

Det er kort veg til dei som fattar avgjerslene i kommunen og sterk innvovativ vilje i befolkninga.

03

Gjennomføringskraft og risikovilje gjer at me greier meir enn ein kunne tru.

04

I Vinje har me over fleire år hatt ein arbeidsløyse nær null - vil du arbeide, så får du jobb!

05

Vinje blei kåra til Årets Servicekommune i 2005 og 2009, og har sidan vore nest best over tid.

06

Her rår den omvendte jantelova - Vinje er lite nok til at du blir sett og høyrd, og stort nok til at me er mange som heiar på deg.

07

I Vinje har me meir enn 17 mil med snøskuterløyper.

08

Det blir produsert mykje god lokal mat og drikke som øl, olivenolje, ost og pizzabotnar i Vinje.

09

Vinje blei kåra til årets nynorskkommune i 2018, me er ein tydeleg nynorskaktør, og gjev mellom anna innvandrarar norskopplæring på nynorsk.

10

I Vinje kan du kombinere det urbane med det rurale: Kvifor ikkje nyte ein kaffe latte på Rauland Fjellkafé og Kakeringen etter skituren?

Partnarar

Her finn du relevante lenker til nokon av aktørane og bidragsytarane bak nettstaden Vinje, Naturlegvis.

mountain illustration

Laga av Relocate med     for Vinje 2023

white