vinje naturlegvis logo

Kvifor flytte til Vinje?

Kvifor flytte til Vinje?

Vinjelos Silje Hagen

Vinje er berre èin av mange kommunar i distrikt Norge som kjempar om folket og ressursane. Me kan skilte med flott natur, men det kan også resten av landet.

Så kva kan ein gjera for å lokke fleire tilflyttarar hit?
Fleire gonger har eg fått høyre «korleis skal du klare å få folk til å flytte hit?», og «du har jammen jobben!»
Dette er på ingen måte eit arbeid eg som Vinjelos kan gjera aleine! Dersom me skal få fleire innbyggjarar i kommunen vår, må me stå samla som samfunn. Syne vilje og engasjement. Samarbeide der me kan. Me må senke terskelen mellom kommune og ulike aktørar endå meir – rett og slett samskape! Dersom folk opplever entusiasme, pågangsmot og vilje frå kommune, næringar, lag/org, eldsjeler, med fleire, skulle ein vel tru at det freistar fleire til å investere i eit slikt samfunn? Om folk kjenner seg stolte av eige bygd og kommune, vil overføringsverdien av denne kjensla vera mykje verdt for komande generasjonar.

Så trengs det bustader; folk treng hus, og hus treng folk… Me treng eit variert bu-tilbod i kommunen, til prisar å leve med. For å gje eit endå breiare og variert tilbod, er Vinje med som pilot i Ljos i gamle hus satsinga, der ein tenkjer i stor grad gjenbruk og bevaring av gamle hus, og bruk av ressursane i gamle bygg. Det er miljø, og sirkulærøkonomi i praksis. Les meir om dette i månadsbrevet mars/april.

Ein del ynskjer seg småbruk. Kunne me tenkt større tomter, kanskje lagt til rette for miniatyrsmåbruk? Då hadde me nok fanga ein del merksemd! Så skal me faktisk i gang med prøvebu-småbruk; finn saka her – Kommunestyremøtet 23.03.23.
Ut over dette, er arbeidet med tilrettelegging av ulike bustader, noko som er på agendaen både i kommune og blant private aktørar.

Arbeidsplassar er kanskje ein sjølvsagt, men veldig viktig faktor. Og for unge vaksne er også utviklingsmoglegheitene på arbeidsmarkedet vel så essensielt. Får me eigentleg fronta alle jobbmoglegheitene i kommunen på ein bra måte? Både innan privat og offentleg sektor? Finns det mange kompetansearbeidsplassar me ikkje veit om? Burde me samarbeidd betre om å løfte fram attraktive stillingar på ein annleis måte?

Etter diverse møter med private, næringar og andre, kjem det fram at uansett kva ein jobbar med, om det er som privat, offentleg eller friviljug, så har me gjerne dei same måla: me ynskjer å skape eit levande og trygt samfunn, der me trivst! Eg opplever at det er vilje blant dei aller fleste til å vera med på dugnaden om å skape eit godt ‘livsfundament’, ein kommune folk ynskjer å vera ein del av! Ein stad ein føler seg heime og kjenner tilhøyre.

mountain illustration