vinje naturlegvis logo

Prøvebu-småbruk!

Nytt frå Vinjelosen - Sommaren 2023!

Vinjelos Silje Hagen

Vinje kommune ynskjer å legge til rette for ulike bu-moglegheiter. 
Èin av desse moglegheitene vil vera å prøvebu-småbruk!

Ordninga går ut på at kommunen leiger og framleiger småbruk, der folk som ynskjer å test-bu eit gardsbruk, får høve til det over ein god periode! 

Team prøvebu er oppretta for å syte for ein god prosess, og består av: 

  • Landbruksrådgjevar, Thor Christiansen
  • Representant frå styret i Visit Vinje, Anna Vinjerui Lid
  • Representant Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Tor Mølster Byggland
  • Representant Tokke og Vinje Bondelag, Bernt Olav Kringlegarden
  • Vinjelosen, Silje Hagen

Team prøvebu ynskjer no å koma i kontakt med eigarar av småbruk, som kan tenkje seg å sjå på leigeavtale med kommunen inn mot denne satsinga! 
Småbruka treng ikkje vera nyoppussa og moderne – her er eldre, bebuelege småbruk kjærkomne!

Dette er nybrots arbeid, og ikkje testa ut før, i alle fall ikkje i vår kommune.  Om du er eigar av eit småbruk, og syns dette høyres interessant ut, ta kontakt med Vinjelosen for ein uforpliktande prat!

Kontakt Silje Hagen, Vinjelos på telefon: 46 88 88 96 eller send e-post her.

mountain illustration