vinje naturlegvis logo

Nytt frå Vinjelosen

Hei, eg er tilsett som Vinjelos!

VINJELOS SILJE HAGEN

Kort fortalt skal eg jobbe for å auke folketalet i kommunen vår, og samstundes vera med å bidra til at dei som bur her trivst. Det kjem til å koma oppdateringar på heimesida ein gong i månaden, som eg har kalt Vinjelosen sitt hjørne, fylg gjerne med her.

Som ein del av folkevekstsatsinga, er Vinje èin av pilotkommunane i Fortidsminneforeininga si satsing Ljos i gamle hus
Eg er prosjektleiar lokalt. Målsettinga er at tomme og aude hus i Vinje skal bli sette i stand å få nytt liv.
Bygningsvern og gjenbruk står sentralt, og alle type bygg inngår i prosjektet. Om du har eit tomt, gamalt bygg som du ynskjer å sette i stand, så ta gjerne kontakt om du ynskjer hjelp til stader å søke midlar, rådgjeving eller har generelle spørsmål kring prosjektet Ljos i gamle hus.

Det blir digital søknadsverkstad 20. april i regi Fortidsminneforeininga/Ljos i gamle hus. Meir informasjon om dette kjem.

Generelt for mitt virke framover – fokusområder for 2023:

  • Kartlegging og arbeid kring bustadtilhøve
  • Korleis ta imot nytilflutte på best mogleg måte
  • Samarbeid bygdefolk, næringsliv, Visitaktørane m.fl.

Om nokon sit med gode idear og innspel til korleis me kan få raskare og større vekst i folketalet, er de velkomne til å lufte dei med meg.
Eg har kontor på kulturkontoret, og her er døra open. Ta gjerne kontakt på førehand om du ynskjer eit møte..

Eg gler meg til jobben vidare, i lag med dedikerte kollegaer, og eit engasjert lokalsamfunn !

Det er oppretta ein nettstad som heiter Vinjenaturlegvis.no, som er ein fin digital portal for dei som ynskjer å flytte til Vinje, men også fin å sjå på og vise til for innbyggarane i kommunen vår. Du ser link til sida her.

Med helsing

Silje Hagen
Vinjelos

Aktuelle lenker:

Vinjelosen på sosale media:

  • Instagram:     @vinjelos
  • Snapchat:      Vinjelosen
  • Facebook:      @Vinjelosen
mountain illustration